Eg visste alltid korleis det var å vere utanfor…
Ella (14) var vant til å være aleine og valde til slutt å aldri prøve å vere med nokon. Men så endret et spørsmål alt for Ella.

Å alltid vere den siste invitert til ting, å sitte åleine i friminutta, å lese fordi det var det einaste som let meg ha noko å gjere i pausane mellom dei uhyre, keisame timane. Eg var alltid vand med å vere med i grupper, men aldri å skikkeleg vere med. Når der var ein vits var det aldri eg som fortalde, når nokon snakka var det aldri til meg, når det var lag utdeling blei eg alltid vald sist.
Dette trur eg hjelpte meg til å bli meir fiendsleg, i timane var eg alltid den fyrste til å seie “hysst” til nokon som snakka, når der var eit spørsmål var eg alltid den fyrste til å rette på andre når dei tok feil og eg ende opp med å prøve å vere betre venn med lærarane mine enn med klassekameratane.
Eit vendepunkt
Eg valde til slutt å aldri prøve å vere med nokon, eg tenkte «Viss dei ikkje vil være venn med meg, då skal ikkje eg prøve å vere venn med dei!». Men ein dag skjedde det noko som fekk meg til å tenke mykje betre av kameratane som eg tidlegare hadde mislika.
Ei jente i klassa mi spurde om eg ville vere med bort til klatrestativet. Eg hadde hatt med meg ei bok ut i friminuttet men eg valde å berre seie ja og heller lese meir neste dag. Etter litt klatring ende vi berre opp med å snakke saman, då fann vi ut at vi begge to elska å sjå på ein spesiell youtubar!
– Snakka med den åleine jenta
Eg veit det høyrdest litt dumt ut, men det var ein stor ting for meg på den tida sidan eg aldri hadde møtt nokon med same interesser som meg. Vi ende opp med å snakke heile friminuttet og friminuttet etter det og etter det, til slutt hadde vi snakka saman i fleire veker!
Etter litt ville ho begynne å gjere andre ting enn å berre klatre, så vi begynte å vere med dei andre jentene i klassa. Eg kunne ikkje tru det. Personar som eg trudde ikkje brydde seg om meg viste seg berre til å aldri vite kva dei skulle seie når dei var med meg. Eg hadde berre aldri tenkt over det. Mange av dei er eg fortsatt venn med no, alt på grunn av at ei jente valde ho ville snakke med den åleine jenta som sat og las.
Eg visste alltid korleis det var å vere utanfor, men no er eg heldig til å vere med mange i friminutta.
Teksten og teikninga er skrevet og teiknet av Ella Tødenes (14) i 9B ved Ulstein ungdomsskule i Ulstein kommune. Ella vant skrivekonkurransen som MOT Ulstein gjennomførte i samarbeid med lokalavisa Vikebladet Vestposten.
