Meny
Meny

“Livet handlar ikkje berre om utsjånad, merkeklede, skule og trening”

En gang i måneden har Ungdom med MOT i Sogndal en fast MOT-spalte i Sogn Avis.

I første spalte skriver Anne Hope Skjerven og Nicolina Lunde om viktigheten av å tørre å være seg selv. Se et videoinnslag av av jentene leser opp innlegget HER.

Livet handlar ikkje berre om utsjånad, merkeklede, skule og trening.

Har du nokon gong følt at du må vera slik som alle andre for å passa inn? Du er ikkje den einaste. Livet handlar ikkje berre om utsjåand, merkeklede, skule og trening. Det handlar om så mykje meir.

Det er ditt liv, og du må tørr å gjera dei tinga du har lyst til og seie kva du meiner. Du må tørra å ta eigne val, og ikkje la andre påverka vala dine. For eksempel rosabloggarar, eller andre sosiale medier. Der ser det ut som alle liv er perfekte. Dei framstiller seg som gode rollemodellar, men er dei det? Det er du som skal leva med dei vala som blir tatt; kva vidaregåande linje du skal gå på, korleis kostholdet ditt skal vera eller korleis du kler deg. Du treng ikkje å ha den dyraste jakka eller den mest kjende designarveska for å passa inn. Det skal vera ditt val!

Tørr å gå i mot straumen og skil deg ut! Val handlar og om å tenkje godt gjennom kva du gjer og vera klar over konsekvensane. Hugs at du er sentrumet i ditt eige liv, og at du bestemmer sjølv kva som er viktig for deg og kva som er gode verdiar i livet ditt. Gjer det som skal til for at du skal ha det bra, men du må og hugse å tenkja på dei som er rundt deg.

Livet består av små og store val. Mange av dei er vanskelege, enten du er barn eller vaksen. Vala du må ta er ulike frå generasjon til generasjon, og me har opplevd korleis det er å måtte ta eigne val i den generasjonen vi lever i. Denne generasjonen er prega av det å ikkje sette pris på det ein har. Mange får akkurat det dei peikar på, medan andre må jobba hardt for å få det.

Sogndal er ein liten plass, med mange ulike personlegheiter. Her er også presset stort på å ha det beste og å sjå best mogleg ut! Sjølv om kanskje ikkje alle likar å innrømme det, og kanskje ikkje alle bryr seg like mykje, så er det blitt sånn at dei som ser best ut, får ein høgare ”status” blant ungdom no til dags, enn det dei gjorde før. Det er ikkje slik det skal vera!

Begge to har opplevd å vera i eit miljø der nokon har blitt mobba fordi dei enten var seg sjølv eller sa kva dei meinte. Dette er ikkje lett for ein ungdom å takla. Det var eigentleg derfor me ville bli med i MOT, for å oppfordra ungdom og vaksne til å ta eigne val og tørr å vera seg sjølv. Så derfor håpar me at dykk som har lese denne spalten tenkjer godt over det vi har sagt, og prøver å ha det i bakhovudet.

Så til slutt vil vi sei; ha mot til å ta eigne val, bry deg om dei rundt deg og tørr å vera deg sjølv!

Del denne artikkelen

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Gruppen
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge

Mot støttes av:

Utdanningsdirektoratet
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Helsedirektoratet
Politidirektoratet