Meny
Meny

«Den beste dagen i livet mitt»

Onsdag 2.april fikk Vegard Skeie fra Sogndal oppfylt drømmen sin; en dag med SK Brann. Les hans opplevelse fra drømmedagen her.

Eg hadde ein utruleg dag med Brann, der eg fekk vera med å helse på spelarane før dei gjekk i garderoben. Det som gjorde meg ekstra glad var at Erik Huseklepp var den som møtte meg først. Etterpå skulle eg få vera å sjå på at dei tok lagbilde. Då dei var ferdig med lagbilde var det tid for trening. Den foregjekk på Fana stadion. Eg fekk sitte på med Hassan El Fakiri, og han hadde ein ekstremt fin bil. Då treninga var ferdig var det tid for lunsj saman med heile laget. Der fekk eg og ei gåve frå Brann.

Høgdepunktet var heilt klart då eg fekk møte forbilde mitt Erik Huseklepp. Med på drømmedagen hadde eg med onkelen min, Mari og Maria frå MOT og Bjørn Tore frå MOT Norge. Dette besøket har hjelpt meg til å tenke meir på treninga eg legg ned, og at eg må jobbe hardare med fotballen min. Det har gitt meg ein ekstremt god følelse. Eg blei tatt i mot på ein veldig god måte, og dei folka som jobba med Brann var veldig hyggelege og hjelpsame. MOT har betydd mykje for meg, og hadde det ikkje vore for MOT hadde eg aldri fått ein så bra dag. Eg sit att med ei utruleg stor glede, og den beste dagen i livet mitt.

– Vegard Skeide, frå Sogndal

Takk til Mari og Maria fra MOT i Sogndal som tok drømmen til Vegard på alvor, og vårt kjære ambassadørlag SK Brann som ga Vegard en uforglemmelig dag på Brann stadion.

bilde 1

Bildetekst: Vegard fikk være med da Brann-spillerne tok lagbilde

bilde 2

Bildetekst: Et av Vegards høydepunkt under drømmedagen var å få møte Erik Huseklepp

Del denne artikkelen

Til toppen

Hovedsamarbeidspartnere

Reitan Convenience
Uno-X Energi
SpareBank1 SMN
Gjensidigestiftelsen
Finans Norge

Mot støttes av:

Utdanningsdirektoratet
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Helsedirektoratet
Politidirektoratet