Ungdom Med MOT vitja barneskulane
Overgangen frå barneskulen til ungdomsskulen kan væra stor og skummel.
MOT er til for å få denne overgongen til å virka mindre.
Dei hjelp også ungdommane å ta egne val.
MOT-gjengen besøkte onsdag 16.mai Litlabø og Sagvåg Skule. Der fortalte dei om korleis det var å begynna på ungdomsskulen, at det egentlig ikkje er noko å grua seg til, og forklarte kva MOT er for noko.
Elevane deltok i samtalane og stilte opp på alle leikane som MOT hadde planlagt.
- Det er gøy å få møta dei nye elevane og hjelpa dei å få ein bedre start på ungdomsskulen, seier Emil Gundersen som er ein av ungdommane i MOT.
Olav Hellesund Helland seier at elevane dei har hatt MOT saman med har vert veldig flinke og tatt ting alvorlig. Han gledar seg til å få sjå nokon nye fjes til høsten, og lovar at dei skal bli tatt godt hand om.
Det er ikkje bare MOT infomatørane som er fornøgd med dagen.
-Det var kjempe gøy å ha MOT, eg gledar meg til å ha det ein gong til, seier Andrea McMillan frå Litlabø Skule. - Eg gladar meg til å begynna på ungdomsskulen å få nye vennar, tilføyer Frida Våge. Dei meiner begge at det er viktig å ha MOT i 7.klasse, for det gjer at elevane ikkje gruar seg så mykkje til ungdomsskulen og dei er difor glade for at dei har fått vera med på å ha MOT.
Det var ikkje bare MOT som stilte opp på skulane. På Sågvåg Skule stilte også Andreas Pedersen Agasøster og Kristin Steinsland frå Ungdomsrådet. Dei fortalte at dei skulle vera med på ''Bli kjent dagen'' som elevane skal på om ikkje så lenge, og at til høsten ville Ungdomsrådet ha to nye medlem frå Nysæter Ungdomsskule. Elevane ved Sagvåg Skule virka veldig positive til Ungdomsrådet.
Etter ein lang og fin dag med MOT fekk Lena Berg, Victoria Jensen, Emil Gundersen og Olav Hellesund Helland stor aplaus frå elevane. Elevane var ganske enige om kva som hadde vert kjekkast. Skodespel, Papptalerken leiken og å få Smørbukk-karamellar. Altså ein vellykka dag!
Del på facebook - Del på Twitter
Tilbake til oversikten

Info in english








