Info in english

Brev fra ungdom nr 21
Til MOT
Jeg er stolt av meg selv og mine valg.
Mitt mål for framtiden er å være en god person med mange av de samme verdie... les mer

Sommercamp med MOT

I sist veke fekk ungdomar frå Fjell, Sund og Øygarden eit spennande møte med naturen heilt ut mot havgapet. Fem vaksenleiarar tok meg seg 15 ungdomar frå dei tre kommunane på sommarcamp på hytta til Bergen og Omland friluftsråd på Hissøyna 26. - 28. juni.

- Véret var godt, og dette vart ein suksess. Ungdomane oppførte seg eksemplarisk, og med dette strålande tilbodet fekk dei byggja seg opp. Tilbakemeldingane er svært gode, og alle vil vera med til neste år!

I tillegg til Ivar Einarsen(MOT) var Vigdis Taranger (MOT), Kenneth Bruvik, Stefan Jensen og Kristian Kvinge Lerøy (Sund) med som leiarar.

Deltakarane fekk vera med på ei rekkje friluftsaktivitetar. Dei fekk prøvd seg på fisking med garn og teine, bading, tubekjøring, leirdueskyting og førstehjelpskurs. Med sosiale samvær og god mat vart det skapa eit godt fellesskap.

- Sjølvfiska fisk og sjølvlaga fiskesuppe og jegergryte gjorde seg.

Ungdomane fekk god tid til fisking

Sjølvlaga fiskesuppe smaka godt

 


Del på facebook - Del på Twitter


Tilbake til oversikten

MOT har livet til ungdom i sentrum
MOT bevisstgjør ungdom til å ta egne valg og vise mot -
MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å si nei

Følg oss på..

MOT's største bidragsytere er

Gjensidigestiftelsen

Nettløsningen er levert av Smart Media AS