Sommercamp med MOT
I sist veke fekk ungdomar frå Fjell, Sund og Øygarden eit spennande møte med naturen heilt ut mot havgapet. Fem vaksenleiarar tok meg seg 15 ungdomar frå dei tre kommunane på sommarcamp på hytta til Bergen og Omland friluftsråd på Hissøyna 26. - 28. juni.
- Véret var godt, og dette vart ein suksess. Ungdomane oppførte seg eksemplarisk, og med dette strålande tilbodet fekk dei byggja seg opp. Tilbakemeldingane er svært gode, og alle vil vera med til neste år!
I tillegg til Ivar Einarsen(MOT) var Vigdis Taranger (MOT), Kenneth Bruvik, Stefan Jensen og Kristian Kvinge Lerøy (Sund) med som leiarar.
Deltakarane fekk vera med på ei rekkje friluftsaktivitetar. Dei fekk prøvd seg på fisking med garn og teine, bading, tubekjøring, leirdueskyting og førstehjelpskurs. Med sosiale samvær og god mat vart det skapa eit godt fellesskap.
- Sjølvfiska fisk og sjølvlaga fiskesuppe og jegergryte gjorde seg.


Del på facebook - Del på Twitter
Tilbake til oversikten

Info in english








