Fekk draumedag med MOT
Saman med alle 9. klassane som har MOT i Kvinnherad skreiv Gina Eriksen Albretson i haust ein draumesøknad som vart sendt til MOT sitt draumefond. I dag vart 9. klasse ved Rosendal Ungdomskule samla for å få nyheten om at Gina har fått oppfylt draumen sin.
Gina har eit stort ynskje om å bli jornalist og har bestemt seg for å arbeida hardt for å få dei karakterar som krevst for studie. I sin draumesøknad til MOT håpa ho å besøka VG redaksjonen.
Andreas Ebbesen i MOT sitt draumefond tok Gina ut som ein av dei få heldige som skal få draumen sin oppfylt. Då besøk i VG redaksjonen desverre ikkje lot seg gjennomføra, får Gina ein draumedag i Bergen saman med MOT. Her skal ho besøka BA - redaksjonen. Etterpå får ho møta TV2 sitt nye sportsanker Susanne Furøy Vergeland og tilbringa resten av dagen med henne i TV2.
Vi gratulerer Gina og ynskjer ho lukke til med draumedagen!
Del på facebook - Del på Twitter
Tilbake til oversikten

Info in english







